Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
pedagogiski rådgjevar
03.04.10 22:01 
Du har heilt rett. Rekninga må over på kommunane slik at det totale samfunnsrekneskapet blir meir korrekt. Eg seier meir fordi den ekstra kostanden foreldre og elevar får ved at dei må bruke tid på reiser, heller ikkje då blir med i reknestykket.   
Gunnar
24.03.10 21:00 
I dag betaler kommunane berre billettpris for elevar som treng skuleskyss. Resten, dvs. storparten av rekninga betaler fylkeskommunen. Dersom kommunane hadde det totale økonomiske ansvaret for skuleskyssen, ville det vorte langt mindre interessant å legge ned skular. I dag kan kommunane sende mesteparten av rekninga over til fylket - som ikkje har anna å gjere enn å punge ut. Elles i samfunnet er det slik, at dei som fattar eit vedtak også betaler kostnaden med vedtaket. Slik er det berre ikkje i skulenedleggingssakjer.