Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
AAA
31.01.10 10:15 
LUFS og andre som arbeider med dei spesielle føresetnadane som finnest i nærmiljøbaserte skular, burde formulere ein "alternativ pedagogikk" der desse spesialitetane vart reindyrka. Dei over 250 åra der dette har vore skulekvardag i norske grendeskular har gjerne verdiar som har stor nytte for store elevgrupper som ikkje nødvendigvis har optimale tilhøve i andre skuleslag.   
kr
27.01.10 09:20 
"Montessori-pedagogikken går som en farsott gjennom Bygde-Norge." skriv red. i Natioen 25.01.
årsaka er Privatskulelova som vart vedteken i 2007. Dersom foreldre ønskjer å erstatte ein nedlagd offentlig grendeskule, må dei søke godkjenning med grunnlag i religiøse eller pedagogiske alternativ. Dermed er Montessori siste utveg bygdesamfunn som vil ha skulen sin. No ser ein også at i bygder der skulen ikkje er nedlagd, men aldri får ro, ser seg om etter andre utvegar for å skape ro og stabilitet og Montessori er redninga.
Eg har ikkje noko mot Montessori, men meiner likevel det er galt at foreldre og bygder som vil drive skulen på privat basis ikkje kan få drive etter den offentlege læreplan. ER DET GRUN TIL OMKAMP OM PRIVATSKULE-LOVA?