Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
AAA
03.01.09 11:29 
Du har nok rett. Men eg har opplevd at strukturane i små skular gjer det lettare å få til effektiv IKT-opplæring. Eg greidde t.d. å få til god touch-drill for alle elevar med berre ei datamaskin på ein todelt skule. På ein udelt skule var det sjølvsagt endå enklare. Der var vi svært fornøgde med det vi oppnådde med svært enkelt datautstyr.
På min noverande skule er det godt over 200 elevar. Vi satsar både på å ha frå 2 til 4 datamaskiner i kvart klasserom, så vel som eit eige datarom med minst 15 maskiner der vi kan lære inn ulike program og teknikkar i fellesskap. Men dataopplæringa er ikkje på langt nær så effektiv som på dei mindre skuleeiningane etter mitt syn.
Det pedagogiske handlingsrommet er nok større på små skular. Men kanskje dei ulike satsingsområda vert meir personavhengige? 
 
Brumle
01.12.08 09:31 
Jeg var IKT-rettleder i en kommune et år der jeg gikk ut til rektorene i kommunen og ba dem organisere kurs og opplæring på sin skole. Jeg skulle kurse og hjelpe til, MEN initiativet skulle og MÅ ligge hos rektor. Dessverre var de små skolene passive. Jeg var skuffet :-(   
AAA
30.11.08 09:15 
Trur skilnaden i IKT-kompetanse og -ambisjonar ikkje er så ulikt mellom små og store skular. Det er andre faktorar som spelar inn enn skulestorleiken; personleg innstilling er viktig, og kommunale prioriteringar endå viktigare (om det er øyremerking og satsing på IKT, eller om skulen må fungere som "dødens forgård", og ha sitt IKT-liv på nåde ut frå donerte, utrangerte PCar frå næringsliv eller kommunal sentraladministrasjon.   
Rune
10.04.08 09:23 
Ja, etter det jeg kan skjønne, må det være de små skolene som kan benytte seg av IKT til å danne små nettverk. Der kan skolene samarbeide om det meste, fra fagplaner til utveksling av data om feks. været. Kun fantasien setter egentlig grenser. Det ligger et voldsomt, men dessverre lite utnyttet potensiale her. BRUK DET!   
Gunnar
09.04.08 21:50 
Små skular eg kjenner har svært ulike kompetanse i bruk av IKT. Samstundes er dei ulikt opptekne av å nytte IKT - dette trass i at dei små skulane kanskje vil har størst utbytte av teknologien. Med større vaksentettleik i små skular skulle det også vere lettare å gjere elevane til dyktige IKT-brukarar. Men det er nokre år sidan eg var lærar, så kanskje eg tek feil??   
Sysop
31.12.07 12:17 
Heng dei små skulane etter når det gjeld bruk av IKT.??? Mitt inntrykk er at fådelte skular ikkje utnyttar potensialet i verktøyet til å samarbeida, utveksla erfaringar og byta kompetanse.. Er eg heilt på jordet? Har nokon konkrete eksempel på at slikt skjer systematisk? Skoleplassen vil svæææært gjerne formidla slikt vidare.