Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Bjarne
27.11.09 18:06 
Ja er det ikke rart at de ikke er best ved avgangsprøvene? Ligger forklaringa der?   
Gunnar
27.11.09 10:40 
Urbane "forskarar" har i det siste reist spørmål om kvaliteten på skulen i små kommunar/små samfunn. Påstandane om at små kommunar og små samfunn gir eit fagleg for dårleg tilbod, framstår snarare som propagangda enn som forsking. Kven som helst kan gå inn på Skoleporten og sjekke resultata frå Nasjonale prøver. Små kommunar kjem slett ikkje dårleg ut. Det kan også vere verd å sjekke kor stor del av elevane som ikkje har delteke i dei nasjonale prøvene. T.d. skryt Oslo av gode resultat. Dersom alle kommunar hadde "luka vekk" like mange elevar som Oslo, hadde resultatbiletet vorte eit heilt annleis.