Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
kr
02.12.09 10:43 
Eg har prøvd å leita, men dep. eller storting gir ikkje noko føring på kva årtrinn ein skule må ha for å kallast ein skule.
Når det gjeld samansåling av små- og mellomtrinn til eitt barnetrinn seier dep.:
"Ved å fjerne nasjonale bestemmelser om inndeling i småskoletrinn og mellomtrinn vil det kunne åpnes for økt tilpasning til den enkelte elevs forutsetninger og behov og for inndelinger ut fra lokale behov. Skolene vil få større handlingsrom til å skape bedre sammenheng i opplæringen. Samtidig kan lokal frihet til å dele inn på ulike måter skape variasjon og mangfold i skoleløpet og bedre motivasjonen."
Ovafor sitat er henta frå Dep. sitt forarbeid til opplæringslova. Slik eg oppfattar det gir det den enkelte skule større flekisbilitet i organiseringa av elevane i klasar/grupper også grupper på tvers av dei tidlegare stega. Denne fleksibiliteten blir borte om ein skule missser 5.-7.årssteg. 
 
Gunnar
27.11.09 10:29 
Å ha den gamle oppdelinga i eit småskulesteg og eit mellomsteg er ei ordning som enkelte kommunar ,strategisk tyr til i ein to-trinns nedleggingsprosess. Lukkast ein i å fjerne 5.-7 årssteg, er ikkje den resterande delen av skulen ei eining som kan definerast som ein sjølvstendig skule. Mange er diverre ikkje klar over dette. Når kommunen i neste omgang vil legge ned "småskulesteget", legg dei berre ned ein skule som pr. definisjon ikkje eksisterer.   
Jarle
19.11.09 09:28 
Eg veit ikkje om det er ulovleg, men det blir i alle fall svært upraktisk og krev nøye planlegging.

Skulen kan til dømes ikkje bruke treårsplanar i fag som samfunnsfag, rle og naturfag. Det blir praktisk umogeleg når elevane blir flytta til ein fulldelt skule i 7. klasse. Då må ein bruke lærebøker for faget i 5. og 6. klasse (sjølvsagt same læreverk som på mottakarskulen). Dette vil, etter mi meining, føre til ein vanskelegare situasjon både for elevar og lærarar på dei små skulane, når det gjeld den praktiske gjennomføringa av undervisninga på mellomtrinnet. 
 
kr
13.11.09 09:10 
I LK06 er barnetrinnet 1.-7.årstrinn ikkje lenger oppdelt i småskule- og mellomtrinn. Timetalet er også oppgitt for heile barnetrinnet. Likevel ser eg at kommunar gjer framlegg om å dele opp barnetrinnet ved å flytte elevane frå eitt (7.trinn) eller fleire trinn (5.-7.) til ein annan skule. Det er mogleg det kan forsvarast å flytte heile 5.-7. ut frå at det i fagplanane er kompetansemål etter 4. og 7. årstrinn, men å avbryte elevane sitt arbeid mot måla for 7.trinn ved å flytte dei etter 6. burde ikkje vere mogleg.