Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Pedagogisk rådgjevar
18.10.09 21:09 
Mat og helse
Elevane har rett på eit visst timetal i dette faget. Om det er plass nok på "heimkunnskapsrommet" kan kanskje 6 og 7 ha dette i lag slik at skulen slepp å tilby det året etter. Seinare ser eg kulla er så små at skulen bør kunne tilby kost og helse annakvart år. Å drive skule med aldersblanding krev langasiktig planlegging, men då går det også godt. 
 
skråla
18.10.09 17:13 
Takker for svar - jeg skjønner vi må gi oss på dette at 7.klasse skal gå alene, men hvor mange delingstimer er det naturlig at de da bør få? Pg hva med mat og helse? Man kan ikke kutte dette pga trangt budsjett? Se mitt første innlegg.   
Pedagogisk rådgjevar
16.10.09 11:14 
I tilleg til dei gamle klassedelingsreglane må ein vurdere dei elevane ein har i dei ulike årskulla. Med det forbeholdet vil eg støtta Gunnar sitt framlegg. Då har ein halde seg innafor " dei gamle" grensene med 18 elevar når 3 årskull går saman og 24 med 2 (20 når det er 6-åringar). Desse grensen var sette ut frå lang erfaring og var ikkje tilfeldige. Frå min eigen praksis hugsar eg også godt at det var lettare å ha ein større gruppe når ein har eldre elevar. Dei kan arbeide lenger på eiga hand og er meir sjølvstendige.   
Gunnar
15.10.09 19:41 
Etter dei gamle klassedelingsreglane skal skulen bli tredelt. Det er forståeleg at det er eit sterkt ynskje om at det største årskullet skal vere åleine, men det vil bli for hard belasting på samansetjing av dei andre opplæringsgruppene. Etter mitt syn vil det vere mest rettferdig å gruppere elevane slik: 1. og 2 årskull (13 elevar) på 13 elevar. Då vil vilkåra for begynnarelevane vere akseptable. 3, 4 og 5.årskull bør vere ei gruppe (16 elevar). Sidan årskulla i denne gruppa ikkje har same veketimetal, får dei automatisk delingstimar. 6. og 7. årskull bør vere i ei gruppe (19 elevar). Styrkingstimar bør prioriterast til dei ti eldste opplæringsgruppene dersom elevføresetnadene ikje tilseier noko anna. Dette er avhengig av kor trongt eller romsleg skulen sitt rammetimetal er.   
Bjarne
15.10.09 19:03 
De absolutte elevtallsgrensene gjelder ikke lenger. Men det var sagt i forarbeidet til denne forskrifta at det skulle være minst like godt med ressurser. Jeg ville nok tenke meg grundig om før jeg knep inn så mye på de yngste elevene. 1-3 ser jo ut til å få 18 elever, men sjøl med 16 kan det vær vanskelig å få en god start med begynneropplæringa. Det er nok etter min mening mest fornuftig å bruke mest ressurser der. Den største klassen må kunne få delingstimer i mange fag og med så liten nedgang i elevtall må en kunne argumentere for å beholde ressursene. 7. klasse vil ikke kumme ha annet en 6. klasse med seg i klassen. Med 3 årskull skal det ikke være mer enn 18.

Mat og helse er et obligatorisk emne så etter mitt syn må vel emnet gjennomgås. Her er det mye skjønn ute å går, så jeg håper andre også vil uttale seg.. 
 
Skråla
15.10.09 09:09 
Vi er en skole som pr i dag er 4-delt - med sine 53 elever. Neste år - blir vi 48 elever og sannsynligvis 3 delt. Jeg er mor i neste års 7.klasse med 14 elever, den absolutt største klassen på skolen. De øvrige fordeler seg slik fra 6.klasse og ned: 5,8,5,8,3,5. Vi ønsker at 7 klasse skal få gå alene for å forberede seg på ungdomsskolen. De har ikke vært alene siden 1.klasse. Er det forsvarlig å sette 1.-3. klasse sammen med 16 elever og 4.-6.kl sammen med 18 elever? Jeg trenger argumenter.
Det er også antydet at man skal kutte ut mat og helse for klassen "vår" de har ikke hatt det i det hele tatt, og vi er blitt lovet det i 7.klasse. Har skolen lov til å kutte dette faget på barneskolen?
Takknemlig for svar/synspunkter