Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
kr
04.11.09 11:24 
Sidan eg starta debatten med utgangspunkt i Skarheim, kan eg avslutta med st.meld.31 (2007-08): Kvalitet i skolen.Den er også bekymra for dei små kommunane sin skulefaglege kompetanse, men legg til:
"Samtidig er det ikke en nødvendig sammenheng mellom kommunestørrelse og elevenes faglige resultater. En studie av nasjonale prøver 2007 viser at kommunestørrelse ikke har en direkte positiv effekt på elevenes læringsutbytte. Det er heller ikke en entydig sammenheng mellom kommunestørrelse og evne til å følge opp lovverket" (s.56). 
 
Randi
21.10.09 20:38 
Nasjonale prøver er ikke godt egnet til bruk i elevenes læring og skolens utvikling. Kommunale kartleggingssystemer kan være mye mer nyttige. Det kommunale nivået må gi lærere og skoleledere kompetanse til å bruke et slik system positivt. Det er vel på dette området små kommuner trenger å danne nettverk og samarbeidsorganer som gjør at det blir praktisk brukbart i hverdagen.   
kr
16.10.09 09:02 
Det er mogleg dei nasjonale prøvene har for mange ulike intensjonar som gjer dei ubrukande til alt?
1. Dei skal syne korleis det står til med kunnskapsnivået til elevane på nokre klassetrinn i nasjonen Noreg.
2. Dei blir brukte til å samanlikne fylke og kommunar
3. Dei skal brukast til å forbetre opplæringa til elevane på den enkelte skule og i den enkelte kommune.

Når det gjeld pkt. 2 meiner eg å hugse at dei fylka som hadde størst framgang også hadde størst prosentdel auke i elevar som ikkje deltok og då seier prøvane INGEN TING. 
 
Sysop
15.10.09 22:49 
Det er greitt at mye av det som nivåa over skolene forlanger tar mye tid og ofte kommer på sida av de planer en har lagt for virksomheten, MEN det er ingenting som er verre enn en skoleeier/kommune som ikke stiller et eneste krav til kvalitet eller pedagogisk utviklingsarbeid, men bare ser på hvordan utgiftene kan reduseres -koste hva det koste vil.. Derfor beklager jeg sterkt at det kanskje i mange små kommuner ikke er avsatt tid nok til slike pådriveroppgaver. Noe kan løses ved bruk av nettverk og mange kommuner er flinke til dette. Er ikke viljen til stede, betyr det ikke noe om kommunen er stor eller liten. Store skoler lider like mye som små skoler om dette ikke fungerer.   
Bjarne
15.10.09 22:41 
Vurdering er av det gode, men de nasjonale prøvene kan vel ikke måle seg med de som en arrangerer sjøl? Påvirker de oss til en bestemt måte å lære på?   
Randi
14.10.09 19:44 
Det er vel andre måter å bruke resultater fra nasjonalt vurderingssystem og annen kartlegging på som er mer fruktbare, og som ikke stjeler ressurser fra administarsjonen. Da tenker jeg på bruken av det innad i skolen for å drøfte egen praksis i opplæringa. Det er jo det som er det interesante her. Da blir kartlegging nyttig. Er vi flinke nok til å bruke det på den måten?   
Gunnar
14.10.09 18:33 
Om noko kan bidra til å svekke utviklinga og kvaliteten i dei små kommunane, må det vere det nasjonale byråkratiet sin hang til kontroll og krav om rapportering - aktivitetar som ein ofte ikkje kan sjå nytte i eller hensikt med. Samstundes stel det tid frå ein administrasjon med avgrensa tidsressurs i ein liten kommune. Det vert lite høve til å ta opp spennande utviklingsarbeid i konkurranse med sentralt pålagde rapporteringskrav. I valet mellom å gjere noko pliktig eller noko fornuftig, vert ein tvinga til å dokumentere at kvar nytte krone er brukt i samsvar med pålegg. Då har ein kanskje greidd å bevise at ein ikkje er kjeltring, men samstundes vorte tvinga til å halde seg borte frå kvalitetsutvikling.
Er det andre som føler det slik? 
 
Bjarne
14.10.09 18:24 
Det var et godt poeng... Måler nasjonale prøver noe annet enn eksamen - eller kan disse østlendingene et triks eller to?   
Jarle
14.10.09 10:26 
Kva er det viktigaste? Skal elevane bli gode til å ta nasjonale prøvar eller er det oppfylgjinga av resultata som skal vera hovudfokus? Er det resultata frå dei nasjonale prøvane eller eksamensresultat som viser best kva nivå elevane ligg på?

Eg er einig i at ein del kommunar ikkje har innarbeid gode nok rutinar for etterarbeidet knytt til nasjonale prøvar. Dette bør ein få på plass, uavhengig av størrelsen på kommunen.

Når det gjeld kvaliteten på det faglege i store vs. små kommunar så viser resultata noko interessant. Oslo og Akershus gjer det betre enn Sogn og Fjordane (med mange små kommunar og små skular)i dei nasjonale prøvane på 8.trinn i alle fag, men når det gjeld eksamensresultat så er det motsatt. Sogn og Fjordane slår Oslo og Akershus klart. Det er vel enno eksamen som er det viktigaste? At det er eit stort fokus på dei nasjonale prøvane og at elevane blir "kursa" i å ta dei i desse fylka, treng ikkje bety at kvaliteten på opplæringa er betre eller at elevane får større læringsutbytte der. 
 
Sysop
13.10.09 22:06 
Eg saknar eit felles pedagogisk utviklingsarbeid på fylkesplan slik vi hadde det før utdanningsdirektørane vart kontrollerande byråkratar.. KS har svikta dette oppgåva.   
Bjarne
13.10.09 22:03 
Den kommunale skoleledelsen er desverre trappa sterkt ned de siste åra. Før var skolesjefen en mann med makt og mynde. Nå er det kanskje en deltidsstilling kombinert med annet. Jeg opplevde at en kommune satte en overflødig ung lærer som skoleansvarlig. Dette rammer ikke bare små skoler, men skoler uansett størrelse i slike kommuner. Men noen har et utmerket regionalt samarbeid på pedagogisk utvikling som f.eks. Nordfjord i Sogn og Fjordane. Dette gode samarbeidet kommer alle i regionen til gode - både små og store.   
kr
13.10.09 14:13 
Denne påstanden kom direktør i Utdanningsdirektoratet med i radioen måndag 12.10. Han bygde det på ei undersøking som syner at fleire store enn små kommunar vil bruke resultata i nasjonale prøvar i vidare planar for å forbetre skuleverket i kommunen.
Eg har stilt eit spørsmålsteikn bak påstanden for det finst fleire undersøkingar syner at elevane i små kommunar og skular gjer det best på nasjonale prøvar. Og det er vel "output" som er mest interessant og i LK06 si ånd. Kommentarar????