Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
30.09.09 19:15 
Har dei minste skulane nytt godt av auka pedagogtettgleik på 1.-4.trinn? For hausten 2009 var pengar til tiltaket lagt inn i rammeoverføringane til kommunane. På landsplan utgjer dette 430 mill. kroner. Omrekna vert det ca. 2000 lærarstillingar.   
Pedagogisk rådgjevar
10.09.09 10:46 
Sysop stiller eit viktig spørsmål: Kan dei små skulane bli for dyre? Dette må drøftast og sjåast i samanheng med om det er mogleg å organisere opplæringa i aldersblanda grupper slik at ein kan nå kompetansemåla med dagens delingstal eller med ein mindre prosentvis reduksjon enn i fulldelte skular   
Sysop
09.09.09 10:43 
Naturlegvis bør dei fådelte skulane også få del i dette og det bør vera greitt å rekne ut prosentvis. MEN det er eit dilemma at vi blir veldig dyre og at det blir meir freistande å leggja ned fådelte skular. Er det talet på elevar i klassen som er problemet i fådelt skule? Senking av delingstalet i fulldelt skule vil ofte gjera det lite lønsamt å sentralisere. Kan det vera andre ting vi i fådelt skule treng? Delingsreglane var gjeldande både for barne og ungdomstrinn.   
Pedagogisk rådgjevar
07.09.09 21:02 
LUFS er høyringsinstans og eg reknar med at dette framlegget (om dei hugsar det og har makt etter valet) må ut på høyring, og då må den pedagogiske og dei politiske rådgjevarane passe på at LUFS få sagt frå at klassedelingsreglane i dei fådelte skulane må reduserast tilsvarande som i fulldelt.   
Jarle
07.09.09 10:47 
Eg ser at SV og UDF krev lovfesta lærartettleik på maks 15 elevar på 1.- 4. trinn og maks 20 elevar på 5. - 10. trinn. Kva vil dette ha å seie for dei fådelte skulane?

No reknar ein maks 18 elevar i ein klasse der tre trinn går i lag. Vil dette og endre seg viss klassedelingstala på dei fulldelte skulane endrar seg? Vil ein då få dei same "innsparingane" når ein slår saman ungdomstrinn?

Viss den nye kvardagen blir nye klassedelingstal både på fulldelte og fådelte skular, må og byråkratane på kommunenivå setje opp nye reknestykke på kva dei vil "spare" på å leggja ned skular/trinn.

Det blir spennande å sjå om dei fådelte skulane sine delingstal og kjem inn i denne debatten. Det blir i alle fall heilt feil viss ikkje og dei fådelte skulane sine delingstal og blir endra som følgje av dette.