Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
kr
01.09.09 10:07 
Kanskje ei avsporing. Men dersom ein har tenkt å spare 15 mill. blir det mange færre lærarstillingar. Korleis ein då skal greie å oppretthalde ein like god skule med tilpassa opplæring for alle elevane med langt færrre lærarar og mindre plass til kvar enkelt elev på den/dei skulane som skal ta mot elevane, det er uforståeleg. Det kan også bli meir behov for spesialundervisning, krav om påbygging/utbygging av dei skulane som skal ta mot dei 160 elevane. Så reknestykket har mange faktorarar som er usikre.   
Gunnar
24.08.09 21:51 
Som rådgivar i LUFS har eg i løpet av dei siste åra rekna på ganske mange skulenedleggingar. Mine tal er vanlegvis nokså ulike kommunane sine. Som verste eksempel på påstått innsparing er når sakshandsamar i kommunen, stryk heile budsjettet for ein skule og påstår at dette vert innsparinga - utan i tenkje på at elevane også kostar pengar om dei kjem på ein annan skule, ja, det kostar også å frakte dei dit.
Ingen kommune har så langt kunna bevise at det dei i forkant påsto skulle bli innsparinga, verkeleg slo til. Påståtte innsparingar kjem oftast som eit resultat av at kommunen samstundes med ei skulesentralisering reduserer ressursnivået for alle skulane i kommunen - og framstiller det som ei sentraliseringsinnsparing.
Det finst altså ikkje påliteleg dokumentasjon på at skulenedlegging løner seg samfunnsøkonomisk. I tillegg kjem alle dei andre ulempene ved skulenedlegging som det ikkje er lett å rekne på. 
 
jj
18.08.09 08:44 
Hei,

Mener jeg har lest en plass at over 1000 skoler er lagt ned siden 1980. Som regel er økonomiske besparelser det viktigste argumentet for nedleggelse.

Her må det altså finnes en god del erfaringer på budsjettert besparelse og faktisk besparelse. Hvor kan jeg finne informasjon og erfaringer rundt dette temaet?
Er også interessert å finne informasjon og veiledning i hvordan man utfører en slik analyse.

Konsekvens analysen får vår kommune er at de skal spare ca 15 millioner pr år ved å legge ned 3 skoler som til sammen rommer ca 160 elever. Dette synses jeg høres helt usannsynlig ut.

Håper noen kan hjelpe oss litt på en langvei som har startet :-)