Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
30.09.09 19:11 
Har alle skular fått på plass dei 76 timane (60-minuttsøkter) på 5.-7.årssteg til fysisk aktivitet?Pålegget til kommunane er forlengst komme.
Dersom tilbodet er på plass: korleis blir det organisert? Kven har ansvaret for det? Erfaringar? 
 
Undrande
18.09.09 14:05 
Rådgivingsgruppa for fysisk aktivitet og kroppsøving i skolen. Mai 2009 har skrive ei flott innstilling:
FAGLIGE RÅD OM UTVIKLING AV FYSISK AKTIVITET OG KROPPSØVING I SKOLEN.
Her blir skulen oppfatta som skulebygningen/skuleområdet. Dei har ikkje sett på skuleskyssen og kva den gjere med helsa til elevane, eller kva positive verknader det kan ha at elevane får gå/sykle til skulen. Det undrar meg, men så ser eg kva som skjer med ungane i praksis og det er det ikkje sikkert at idrettskjendisane som sit i rådgjevingsgruppa har sett. 
 
kr
10.06.09 13:50 
Eg ser at regjeringa no er byrja å ta konsekvensen av at kommunane har fått leggja ned bortimot 1000 skular dei siste åra, og såleis tvinga mange tusen elevar til eit stillesitjande liv på skulebuss. Det blir passivitet utan pedagogiask personale og no skal elevane få fysisk aktivitet utan pedagogisk personale.