Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Randi
26.05.09 20:27 
Kanskje "kr" kan hente noen ideer fra Sigrun Danke Skaare sin artikkel i den nye boka "Nærmiljøpedagogikk"? Hun har skrevet om hvordan foreldre kan arbeide for å beholde skolen, verdiperspektivet står sterkt, det er vel det foreldrene på 17.mai snakker om.   
kr
26.05.09 17:54 
No har eg fått høyra at konsulentrapporten heller ikkje er korrekt, for den dagen kommunen blir slegen saman med nabokomunnen, vil skulen følgja med til neste sentrum (asom ligg berre 10-15.min. unna).   
Sysop
19.05.09 18:03 
Det er tydeleg at ordførarane og rådmennene samlast til drøftingar. Dette er noko som gjentek seg over alt. Eg høyrde statsministeren seie til ordførarane i landet vårt at dei måtte leggja om til mest mogeleg rasjonell drift i kommunane. Det blir tolka som at dei må bli kvitt småskulane - koste kva det koste vil...   
kr
19.05.09 09:45 
Dersom rådmannen vil ha berre ein skule blir det ikkje stabilt før han/ho får viljen sin.
Er samd i at eit stabilt og robust skulemønster kan innehalde fleire skular og aller helst oppvekstsenter med barnehage og skule på ein stad. Eg var på feiring av nasjonaldagen på plassen mellom skulen og barnehagen i bygda vår og snakka med fleire unge foreldre som sa at det var heilt avgjerande for at dei busette seg i bygda at det er barnehage og skule i bygda og på ein stad. Det forenklar livet mykje at dei kan henta ungaqr i barnehagen og SFO på same stad. Før låg skulen på ein annan stad i bygda. 
 
Randi
18.05.09 15:12 
Hva mener konsulentrapporten ligger i "stabil og robust"? Hvorfor kan de ikke arbeide for stabile og robuste utkanter? Utkantene må ikke legge seg ned og tro at konsulentene snakker sant. Finn fram noe som er stabilt og robust i utkanten.   
kr
14.05.09 14:22 
"Alternativ D (ein barne og u-skule) i heile kommunen) er det einaste alternativet som vil ein stabil og robust struktur over tid ..."
Slik er konklusjonen på ein konsulentrapport i ein kommune.
For å trekkja ein slik treng ein berre ta ein telefon til rådmannen som kan fremja eit slikt framlegg gong etter gong og til slutt kanskje får eit kommunestyre som vil det same. I ein slik situasjon er utkantane makteslause, eller kva?