Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
21.04.09 21:44 
Det er lite tilrådeleg å gå inn for ei 1-4-ordning. Det gir eit endå dårlegare grunnlag for oppretthalding av skulen. I staden for å bruke kreftene på alternative modellar til 1-7, bør bygda finne strategiar for utvikling og elevvekst. Utan at det skjer er diverre resultatet på sikt gitt.   
Sysop
05.04.09 12:26 
Eg ser at dette er eit svært vanskeleg dilemma. 25 km er altfor langt for 1-4. og i lengste laget for dei andre 6 klassane også. Samstundes går det ei grense for kor liten ein skule bør vera, MEN den grensa må det vera foreldra som må setja. Her i bygda har det gått nedover med elevtalet. Dette skuleåret har vi berre 3 elevar i ungdomstrinnet, men dei elevane med foreldre har stor tru på skulen og det er 35 km til sentralskule. Derfor fungerer det svært godt.
Elevtalsutviklinga her ser dårleg ut, og eg er redd for at vi kjem i same dilemmaet om nokre år. Med eg trur det er viktig å tenkja på at det er foreldra og elevane som skal ha tenesta og som må vurdere heilskapen... 
 
Kristoffer
19.03.09 21:02 
Du spør om skulefagleg skal uttala om det er pedagogisk forsvarleg å drive så liten skule. Eg vil snu på spørsmålet. Politikarane bestemmer om det skal vere skule og skulefagleg må greie ut kor mykje det vil kosta. Og då må ein vurdere samarbeid med barnehagen.   
Kristoffer
18.03.09 22:07 
Det er altså ingen elevar ved skulen dette året og det blir to 1. klassingar neste år. Det er elevtalsutviklinga åra framover som då avgjer kva som er best. Dei to elevane har rett på opplæring etter læreplanen, men dei kan sjølvsagt ha ein god del aktivitetar og timar saman med barnehageborna. Dersom ein vil at det skal bu folk i bygda, må skulen få leva. For ein veit at å ta bort skule og barnehage gjer at unge familiar neppe vil busetja seg der og det fører såleis til langsam forgubbing og avfolking   
Birgit
18.03.09 09:49 
Takk for svar! Jeg ser absolutt denne problemstillingen. Saken er at 5-7 trinn ble flyttet midlertidig til sentraskolen allerede høsten -08. Da var det ingen elever i 1-4 klasse. Til høsten starter det bare to 1. klassinger. Barnehagen ligger allereder lokaliset ved skolen. Det er organisert som et oppvekstsenter. Har dette ei framtid? Jeg begynner å tvile. Men det smerter meg å skulle være med å legge ned ei grendeskole. Hensynet til ungene må komme først. For bygda vil det utvilsomt være et stort tap. Er det vanlig at skolefaglig gir ei uttalese om det er pedagogisk forsvarlig å drive ei så lita skole? Hvem avgjør det?   
Kristoffer
10.03.09 21:52 
Å ta bort delar av aktivteten er sjeldan noko god løysing, då blir det endå færre barn på skulen. Eg har sett betre resultat av å auka aktiviteten med barnehage på skulen organisert som oppvekstsenter. Då får oppvekstsenteret to bein å stå på istaden for eit halvt som det blir med 1.-4. skule. SFO i samarbeid med barnehagen vil gjere at oppvekstsenteret står endå støare.   
Birgit
10.03.09 20:09 
I vår kommune er det ei lita barneskole med bare 10-12 elever fordelt på 7 klassetrinn. Med stadig synkende elevtall og foreldre som begynner å stille spørsmål til kvaliteten på undervisningen, er det fare for nedlegging av skola. Elevene blir da overført til sentralskolen som ligger 2,5 mil unna. Jeg er tilhenger av grendeskoler, men føler at toget er i ferd med å gå for denne skolen. Et alternativ kan være å opprettholde en 1-4 skole, mens de største overføres til sentrum. Kjenner noen til vellykket resultat med ei slik løsning? Skulle gjerne hatt mer bakgrunn for å fremme et slikt forslag. Hilsen frustrert lokalpolitiker