Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Sysop
05.04.09 12:34 
I vår kommune er dei klare for å betala for å få lagt ned klassar som fungerer godt, men motivet er å få betre klassedeling i sentralskulen... Utkantelevar kan godt ofra 3 timar på buss kvar dag....   
Kristoffer
22.02.09 20:51 
At kvaliteten blir betre når det blir fleire elevar pr. lærar, har eg vanskeleg for å forstå. Som du skriv finst det heller ikkje bevis for det. Når det gjeld økonomi må alle fraktorane på bordet før ein kan gjere opp status og då er det som regel lite eller ingenting å spare. Det eg har mest vanskleg å forstå er at me i 2009 med god økonomi i landet ikkje skal ha råd til ein gong å ha halvparten så mange skular som for 50 år sidan.   
Gunnar
19.02.09 20:19 
Det er ein veldig aktivitet i mange kommunar - ein aktivitet sett i gang av sentraladministrasjonen eller politikarar - for å legge ned skular. Grunngjevinga er at ein skal oppretthalde eller auke kvaliteten på dei som vert att.
Etter å ha studert kommunar som har gjennomført skulenedlegging, vil eg påstå at der ikkje finst eksempel på at kvaliteten på dei gjenverande har vorte betre. Heller ikkje er det mogeleg å sjå at kommuneøkonomien har vorte betre - tvert imot.
Kva erfaringar sit andre med?