Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Kristoffer
08.02.09 20:20 
Då eg høyrde statsråden fredag tenkte eg at den framtidsskulen han ville ha, er den folkeskulen og realskulen eg gjekk i for ca. 50 år sidan. Den 7.årige folkeskulen med ein lærar med brei kompetanse og som underviste oss i alle fag og så ein realskule med faglærarar. Dette var også idealet då dei første store u-skulane vart etablerte. Nokre fekk likevel lov til å ha små u-skular for at elevane skulle få bu heime. Skuledirektør Stølen i Møre og Romsdal førde statistikk og fann at desse små u-skulane med lærarar som ofte mangla fagutdanning dei hadde minst like gode om ikkje betre resultat i eksamensfaga norsk, matematikk og engelsk. Det var bl.a. bakgrunn for at mange små skular fekk tilbakeført u-steget på slutten av 1970-talet. Så dersom framlegget til lærarutdanning fører til press på dei små u-skulane, er eg skeptisk.   
Bjarne
07.02.09 21:01 
Noe av resultatet av PISA-hysteriet er at lærerstudenter nå skal velge mellom ungdomstrinn og barnetrinn, og at det blir større vekt på faglærere.. Hvordan skal vi møte dette fra fådelte skoler? Det virker som alle roper halleluja! Har vi grunn til det?   
kristoffer
04.02.09 10:57 
Heilt samd med Elvira. Me bør heller ikkje blåse i PISA, men sjå den i samanheng med dei totale måla for den norske skulen og då måler PISA berre ein liten del. Det same ser ut til å vere tilfelle med nasjonale prøver.   
Elvira
04.02.09 10:42 
Jeg tror det er stor fare for at tilpasset undervisning kan få en ny valør: Undervisning som er tilpasset nasjonale prøver. Det er fint med nasjonale standarder på læringsmål, men hvordan er måloppnåelsen i forhold til den generelle delen i læreplanen? Trist hvis den bare skal pusses blank til jul og 17.mai!   
Sysop
03.02.09 21:49 
Jeg har lest artikkelen til Svein Gjerdåker der han omtaler Nils Christie sitt syn på PISA. Er det kanskje PISA som gjer at vi har fått dette store fokus på effektivitet og sentralisering? Har noen kommentarer til dette? Bør vi blåse i hele PISA?