Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Eldri
03.02.09 13:16 
Norsk - sidan det er slikt eit vidfemnande fag - er etter mi meining nettopp eit fag som treng god planlegging. I tillegg er det eit progresjonsfag.

Planen som Bjarne siktar til, er tenkt som ein lokal læreplan. Denne skal vera ein basisplan som viser ei fordeling av lærestoff og læremål på dei ulike årstrinn for å nå kompetansemåla etter t.d. 4.kl., 7.kl. og 10.kl. Planen må ha ein slik karakter at han viser kva som skal lærast på kvart årstrinn. Deretter må det vera opp til den enkelte skule / lærar å laga ein plan tilpassa seg, men som byggjer på den lokale læreplanen. Her vil nettopp den enkelte skule / klasse få dekt sine behov.

Fådeltskulane er ikkje nettopp ei einsarta gruppe dei heller. Ein basisplan gjer det heller ikkje umogeleg å arbeida med same tema i ei aldersblanda gruppe. Ein oversiktleg basisplan burde gjera planlegginga enklare også innan felles tema i progresjonsfaga.

Hovudpoenget mitt er at ein lokal læreplan bør vera basis for alle og tydeleg visa kompetansemål og delmål sortert etter årstrinna. Framlegg til aktivitetar kan og vera bra. Deretter kan den elnkelte skule / lærar til ei kvar tid og ut frå aktuell situasjon organisera stoffet på best tenlege måte.

Akkurat i progresjonsfaga er vi no vel kanskje ikkje så ulike fulldelt skule? Vi må alle gå trappa trinn for trinn i alle fall i progresjonsfaga.

Svaret på spørsmålet Bjarne stiller, må bli JA. MEN:
1. Lokale læreplanar burde vera kommunale planar utan tanke på skuletype.
2. Kvar skule burde så laga sine konkrete årsplanar, periodeplanar eller treårsplanar.
3. Alle planane må ha som mål å leggja til rette for måloppnåing av delmål og kompetansemål. 
 
Bjarne
20.01.09 13:18 
Det er interessant å lese desse planane. Norsk er eit vanskeleg fag å laga årsplanar i. Ein del av faget har ein klar progresjon, medan andre delar går på oppleving og prosjekt. Desse planane må vel etter kvart tilpassast aldersblanding og ein fleirårssyklus. Slik dei føreligg er dei vel er dei vel meir tilpassa den fulldelte skulen?   
Sysop - KIO
13.01.09 21:54 
Det vil etter kvart bli lagt ut planar i norsk som blir utvikla i prosjektet "Kunnskapsløftet i oppvekstsenter". Du finn dei under menyvalet Prosjekt. Har du spørsmål, kommentarar eller tips er det fint om du kjem med dei her. Send gjerne inn alternative planar til bjarne.bjorkevoll@lufs.no slik at vi kan leggja dei ut til felles nytte.

Plan i norsk for 5. skuleår. http://skoleplassen.no/filer/prosjektplan_norsk_5_trinn.doc

Plan for 1.og 2. i norsk
http://skoleplassen.no/filer/norsk_i_smaskulen.doc"