Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gerd
13.01.09 10:23 
Så sant. Utkanten kan aldri få flertall - derfor ligger det et ekstra ansvar på politikerne for å ivareta mindretallets interesser. Ofte ser en grelle eksempler på flertalls-tyranni, der et kommunestyre med en liten stemmes overvekt kan rasere livskvaliteten for et helt bygdesamfunn - fordi de tror skole bare er skole, og en kan da lære seg å lese og skrive hvorsomhelst...   
Kristoffer
11.01.09 12:44 
"Demokrati er vanskeleg" sa ein kjend person ein gong, og i skulenedleggingsaker ser me det tydeleg. Ein ser det i ei rekkje kommunar at sentrum kan ha enorme ønskjer: "Badeland, kulturhus, idrettsanlegg" etc., og det går ut over utkantane når dette skal realiserast. Difor trur eg det må inn ei eller anna form for nasjonal sikring av mindretalet/utkantane sine rettar. I dagens situasjon ser ein at utkantane i alle fall må stå saman. Ikkje la seg kjøpe av argumentasjonen: "Me tek ein eller to skular og så skal dei andre få det betre". Slik blir det aldri. Ingen får det betre og har ein først lagt ned ein eller to skular er det lettare å ta dei andre seinare.   
Gunnar
10.01.09 20:38 
Det er alltid fleirtalet som legg ned ein skule. Såleis er det tilsynelatande demokratisk. Men demokratiet seier ikkje noko om rettferd. Er det meir rettferdig å bruke millionar på ei kunstgrasbane til 11 halvspreke mannfolk i sentrum enn på å gje eit skuletilbod de folk bur? Er det meir rettferdig å bruke eit betydeleg beløp på å legg brustein framfor rådhuset enn å oppruste skulane?
Det finst sikkert andre fleire andre liknande døme. Demokratiet kan i slike høve fort opplevast som tyrannisk for mindretalet.