Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Eva L
20.08.09 12:56 
Det finnes forskning på området!!
Snakket litt om dette med 90 kontra 45 med Thomas Nordahl. Hvis man påstår å spare 10 min, så taper man det dobbelte i form av uro i klassen. Elevene greier å være konsentrerte i ca 30 min av gangen.
Så, tilbake til 45 min, og bruk heller den tiden man trenger, de gangene man holder på med prosjekter som krever det :) 
 
Tore
22.01.09 23:16 
Den ideelle løsninga finnes ikke. Men å tilstrebe den ideelle kan vi alltids prøve. Fleksible ordinger hadde vært det beste, men det har jeg ikke fått til siden jeg var alene med sju elever i 1971. I skolen må en tilpasse dette så godt vi kan. Vi har nå fire 60 minutters økter på småtrinn, noen 75 minutters økter på mellomtrinn og en sammenhengende utedag. Vi er forholdsvis fornøyd med denne ordninga, men selv 75 minutter ble i korteste laget i siste økta i dag når vi jobba med Photostory 3 på mellomtrinnet. Andre dager kan 60 minutter være alt for langt for noen. Det er da erfaring, fleksibilitet og evnen til å improvisere må brukes fullt ut.   
Sysop
04.01.09 18:28 
På skulen hos oss hadde vi 90-20-45-25-90-20-45. På ein fådelt 1-10-skule vart dette med doble timar eit problem då vi ville nytta kompetansen vi hadde på tvers av klassetrinna.
No har vi første time på 55 minutt. Dei andre er som før 45. Dei ekstra minutta i første time blir brukt som klassens time. I løpet av 6 veker har elevane gått ein dag for mykje på skulen. Dei får avspasere medan lærarane får ekstra planleggingsdag. Det blir 6 slike dagar i året.. Dette er for oss ei god ordning. 
 
AAA
03.01.09 09:38 
Etter å ha hatt ordningar med doble 45minuttstimar, der også friminutta vert dobla, tykkjer eg at det er tendensar til meir uro i elevgruppa.
Dei korte friminutta vi hadde før framtvang organiserte aktivitetar, der lag, reglar m.m. var avklarte på førehand. No går ein større del av friminutta med til diskusjonar, meiner eg å ha registrert.
Ofte tenkjer eg at elevane skulle hatt endå kortare friøkt mellom timane. Då hadde det vorte mindre tid til konflikter, og mindre behov for konfliktløysing og inspeksjonar.

Vi har vel alltid hatt elevar som brukar mykje tid på inn- og ut-prosedyrene, og ein skulle tru at når dette berre skjer fire gongar i staden for seks, var dette til fordel for desse "somlarane". Eg trudde også at lange friøkter ville stimulere dei som søkjer å vere inne i friminutta til å vere meir ute, men det har iallfall ikkje skjedd.

Men dei lange 90-minutts arbeidsøktene kan ofte vere eit pluss etter mi erfaring.

Etter mange år i todelt skule har eg gjort meg opp ei meining om at det beste er å la arbeidet styre tidsbruken, i staden for det motsette, som verkar å vere nødvendig når vi har med mange klasser, rom og lærarar.
På eigen skule er det nøye rekneskap på at undervisninga fylgjer fag- og timebyteplanen. All den tid vi i sterkare grad har fått fokus på læringsmål m.m. tykkjer eg dette er uvesentleg, så lenge elevane innfrir måla. Eller tenkjer eg feil? 
 
Kristoffer
19.12.08 11:31 
Det finnst gode grunnar for at 45 min. økter ikkje alltid er det beste, t.d. at ein må avbryte midt i eit arbeid. Men: No veit eg at samanheng ikkje nødvendigvis betyr årsak, men det har i alle fall ikkje gått framover med kunnskapen til borna etter at ein fekk ei oppløysing av dei tradisjonelle 45 min. øktene. Meir forvirring for både elevar, foreldre og lærarar ser eg ofte. 90 min. for 6-åringar er i alle fall bortkasta, då må læraren planlegge mange ulike aktivietar i løpet av denne lange økta.   
cinnamon
16.12.08 21:23 
Jeg trodde de fleste hadde gått over til 90 min timer.... Vi (foreldre) prøvde å senke dette til 60 min ved skolen vår i år, men fikk til svar at det ville spise opp for mye av undervisningstiden. I stedet ble vi enige med rektor om at de minste skulle få en pause i undervisningen når det var behov for det. Dette ser ut til å fungere veldig greit så langt.   
Gunnar
16.12.08 16:19 
Det er alt ei god stund sidan elevane sine lovfesta "timar" vart rekna i 60 minutts økter. Likevel har eg inntrykk av at tradisjonen med tre kvarters skuletimar heile dagen og i alle fag framleis er det dominerande. Er dette nødvendigvis den best passande og mest praktiske lengda på ei læringsøkt? Vert utbyttet best ved å drive på slik vi har gjort i 250 år?