Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
08.01.09 22:10 
For å ta Sogn og Fjordane som eit døme på framtidig lærarmangel. Høgskulen i Sogndal greier berre å skaffe kring 1/3 av dei lærarane det vert behov for i Sogn og Fjordane i løpet av 8-10 år. På landsbasis er kapasiteten difor altfor liten - ja, ein dramatisk underkapasitet. AAA har nok diverre rett i at mangelen vert endå større dersom kravet til opptakskriterium vert sett nær topp.
Det vi bør etterlyse, er tiltak for å motivere unge menneske til å gå inn i læraryrket. Vi har ikkje sett så mykje til nasjonale satsingar på dette feltet. 
 
AAA
03.01.09 09:42 
Det er iallfall interessant å sjå desse tendensane i samanheng med det politiske framlegget om å avgrense inntaket til lærarutdanninga for å kvalitetssikre framtidas lærarar.
Det burde kanskje vere gangsyn nok til å undersøkje mengda av søkjarar til lærarutdanninga før ein vedtek 5 i snitt som opptakskriterium? Då kan det lett verte einsamt i dette yrket. Iallfall om ein ikkje doblar løna som eit rekrutteringstiltak... 
 
sb
20.12.08 16:40 
Det er ganske fantastisk å registrere at samstundes som kommunane legg ned skular og seier opp yngre lærarar, så arbeider ein på hi sida med å rekruttere nye. Dette trur dei ikkje vert lagt merke til. Dette er verre enn å spele kommuneøkonomien vekk på børsen, eller for så vidt å feste den opp. Her har ein heilt gløymt at det er kompetansen som er den verkelege realverdien ein har i kommunen.   
Bjarne
14.12.08 16:05 
Med den trenden at utkantskolene skal leve på nåde fra år til år, vil det være vanskelig å rekruttere. Det blir mer og mer viktig at vi som er glad i fådeltskolene og jobber der markedsfører deg gode ved disse skolene. Ellers er det utrolig hvor mange som blir sagt opp av lærere om dagen p.g.a.nedlegging.   
Gunnar
12.12.08 00:42 
I dei fleste kommunar vil ein stor prosent av lærarane slutte i løpet av dei nærast 8-10 åra - i nokre kommunar opp mot 30%. Det vert utdanna for få lærarar til å dekke opp avgangen. Det blir følgjeleg kamp om dei får tilgjengelege lærarane. Ein ideell situasjon for den som vil verte lærar, men ein katastrofe for dei fattigaste kommunane - og for utkantkommunane. I dei sistnemnde finn vi dei fleste små skulane. Ein kan gjere seg sine tankar....