Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
08.01.09 20:09 
Med fare for å bidra til ei avsporing, skal eg likevel førfølgje tala til AAA om subsidiering ved flytting.
Kostnaden for ein familie å etablere seg på ein ny stad blir i våre dagar minst ein par millionar kroner. Dersom staten skulle subsidiere alle som vert tvinga bort frå lokalsamfunn på grunn av skulenedlegging/sentralisering med 2 mill. kroner, ville det fort verte synleggjort kor dyr sentraliseringa er sett i eit samfunnsøkonomisk perspektiv.
Men... utgangspunktet for dette temaet var korleis ein kan skape eit likeverdig skuletilbod i heile landet. 
 
AAA
03.01.09 11:01 
Var på øya Grip i sommar, og fekk høyre litt om dette fiskeværet, som ei periode var eiga kommune. Men så vart det så lite rasjonelt med småkommuner, og sentralisering oppstod. Kommunen fann då lite lønsemd i å ha dette samfunnet, så dei betalte faktisk folk for å flytte derifrå.
For å oppnå tilsvarande lønsemd sånn generelt kunne kanskje det settast av nokre milliardar tli å subsidiere dei som flyttar frå utkantane til kommuner med hundretusen innbyggjarar eller meir? Då ville vel ting verte likt for alle...? 
 
Gunnar
22.12.08 12:20 
Samd i at fokus på kvalitet er ein fin innfallsvinkel. Alle vil ha kvalitet. Vi må berre verte samde om kva for element som påverkar kvaliteten i skulen. Er det gode lærarkrefter? Er det å ha skulen nær der ein bur? Er det å sleppe å bruke elevtida til andre ting enn læring (eks. skuleskyss)? Er det å ha ein rettferdig skuleøkonomi i heile landet? Er det å ha politikarar som er opptekne av kvalitet - og som veit kva kvalitet er?   
Krykkja
22.12.08 08:31 
Det er gått så mye prestisje i den kommunale sjølråderetten at jeg tror det er en vond sak å snu. Men hvis vi kaller barnet noe annet - for eksempel "kvalitetssikring av midler" - kan det kanskje være mer spiselig...   
Brumle
14.12.08 16:09 
Slik mange kommunar skvisar gamle og unge, bør det bli ei slags øyremerking. Eg tykkjer det heilage kommunale sjølvstyret, som gjer det mogeleg å køyra kommunen ut i elende, har utspelt si rolle. Du får dei du stemmer på blir det sagt. Neste kommuneval trur eg at eg let vera!   
Gunnar
13.12.08 19:06 
Det ser ut at dei som har skrive innlegg til utfordringa er samd i at utviklinga på skulesektoren gjev grunn til bekymring. Er de då samde i at øyremerking vil vere eitt verkemiddel til å stanse eller snu det ulike tilbodet som møter dagens norske elevar?   
Pedagogisk rådgjevar
07.12.08 21:55 
"Alt var betre før" og i forhold til offentlege tenester var det heilt klart det. Då skulle tenestene ut til folk same kvar dei budde. Det gjaldt skule, post elektrisk kraft og veg. No er det den bedriftsøkonomiske modellen som rår og på alle område og det spørst om det er slik landet vårt skal sjå. Folk skal bu i nokre få sentrale område og resten skal gro att, og det tek ikkje mange åra før god kulturmark er ueigna til matproduksjon.
Det er i alle fall slik signala frå sentrale politikarar kan tolkaST DERSOM ME SER PÅ KVA DEI GJER OG IKKJE KVA dei seier. 
 
Gunnar
07.12.08 17:05 
Små skular har gjerne høgre kostnad pr elev enn store skular. Men alternativet er oftast dyrare. Det fordi samfunnskosnaden ved å legge ned ein skule i dei fleste tilfelle overstig det ein sparer ved å legge ned den same skule.   
Bjarne
07.12.08 15:04 
All energi forsvinner når skolen din er nedleggingstruet. Sjøl når du har overlevd et angrep er du utrygg og venter på neste. Men kanskje de små skolene er blitt for dyre? Politikere ser bare på kroner per elev. Kunne vi klare en billigere skole ved å ta i bruk ny teknologi ved siden av alle våre andre fordeler?   
AAA
03.12.08 21:10 
Dette innlegget hadde eg på skuleskyss, men det passar bra her også:

Det synest som om denne økonomitenkinga er i ferd med å spele fallitt:
*Selje og Vågsøy kommune har nekta å bruke pengar på frukt.
*Vågsøy har fått eit underskot på 13 millionar på grunn av ein fest dei har hatt.
*I Bodø kommune har staten gripe inn for å hindre hyttebygging nær nasjonalskatten Saltstraumen.
*Og så har vi desse terrakommunene, då...

Og skuletilbod, eldreomsorg og andre kommunalt distribuerte kvalitetar er svært så ulike frå kommune til kommune.
Kva er det som er kvaliteten med lokaldemokrati, eigentleg? Alle bør då kunne innsjå at det saboterer alle tankar om ein nasjonal standard. Er det andre kvalitetar ved dette eg ikkje har sett (bortsett frå statens behov for å kunne spele "splitt og hersk" for å hindre kritikk mot sentrale styresmakter...? 
 
Pedagogisk rådgjevar
02.12.08 21:13 
Ordninga me har no er i alle fall håplaus. Dersom det skal vere kommunalt sjølvstyre, må kommunane ta alle utgiftene med å drive skule, også skyssen. Eg meiner at beste ordninga me har hatt for skule og undervisning i Noreg var frå 1969 til 1986. Ingen sentral politikar ser ut til å vere det minste interessert i å gjere noko anna enn det Bondevik sa for meir enn 20 år sidan: "Me skal følgja utviklinga nøye" utan å gjera noko. Elles trur eg det må finnast modellar for tildeling av ressursar som er slik at det kan gje eit meir likeverdig skuletilbod. Øyremerking er såleis nødvendig for det blir gjort på ei rekkje område der sentrale styremakter ønskjer å oppnå noko.   
Krykkja
02.12.08 11:55 
Jeg tror det må knyttes til kvalitetsbegrepet. En kan ikke forlange kvalitet i skolen samtidig som en driver en konstant nedleggingsterror mot store deler av skole-Norge. Foreldre og lærere skal kunne bruke kreftene på å samarbeide om best mulig opplæring i et trygt og godt oppvekstmiljø - ikke som nå, å måtte slåss for livet mot politikere og byråkrater i egen kommune.   
Brumle
01.12.08 22:33 
Det kommunale sjølvstyret er vel heilagt? Eg er einig i at midlar skulle vera øyremerka, men hadde vi berre fått skyssmidlane inn i kommunebudsjetta hadde mykje vore gjort... Men korleis skal ein gripa denne saka?   
Gunnar
01.12.08 21:02 
I budsjettarbeidet i kommunane ryk mange skular fordi kommunane påstår eller forventar å spare pengar på slike øvingar. Mange lokalsamfunn vert fråtekne det viktigaste offentlege tilbodet. Langt fleire elevar vert frårøva fritid ved lang skuleskyss.
Inntil 1986 fekk skuleverket øyremerka tilskot. Skuledirektørane i fylka godkjende skulane sitt rammetimetal som var rekna ut etter nasjonal modellar. Vi bør kanskje gå attende til den øyremerka modellen. Først då kan staten styre mot eit likeveridg skiletilbod å alle kommunar og lokalsamfunn.