Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
OBB
18.03.10 15:37 
I dei aktuelle skulenedleggjingsalternativa hjå oss gjeng allereie skuleskyssen med ungdomsskulelevar og elevar til vidaregåande skule. Det er god plass på bussane til nokre fleir passasjerar og dette er rein netto inntekt for fylkeskommunen. Det er berre når det ikkje gjeng offentleg kommunikasjon slik at det må etablerast ei ny skulerute, at skulenedleggjing veltar kostnadar over på fylket.   
Gunnar
09.01.09 20:40 
Mykje av skuleskyssen vi har i landet er negative utgifter. Med det meiner eg at dei ikkje fører til noko positivt. Det stel fritid frå elevane og påfører dei i fleire tilfelle ein helserisiko. Dette er på sikt store samfunnskostnader. Men vert dei rekna på.....?   
Dagrun
05.01.09 23:19 
Det er ikke bare dette med skyssutgifter som teller når det er snakk om skolenedleggelser. Det er også viktig å fokusere på de reduserte inntektene i kommunen dersom skolen i bygda legges ned. I Vestbygd er det mye verdiskapning som blir satt på ei hard prøve om skoletilbudet reduseres og småbarnsfamiliene flytter. Det er mange måter å regne på....   
Bjarne
14.12.08 16:13 
Åssen i æll væla ske en få dom som styrer te å forstå???????? Væppna revlosjon? Eller har noen et forslag til en mer fredelig pedagogikk? Er vilja til å knekke utkantene en gang for alle SÅ stor i regjering og storting at de subsidierer dette så sterkt?   
Gunnar
10.12.08 21:11 
Utgangspunktet innlegget til AAA var samfunnskosnadene ved skulenedlegging og auka skulskyss. I dag kan kommunane velte store skyssutgifter over på fylkeskommunen utan at fylkeskommunen kan forhindre det. Det er ein systemfeil når eitt vedtaksnivå kan påføre eit anna forvaltingsorgan store utgifter utan eingong å utgreie omfanget eller konsekvensane. Hadde kommunane fått slle skyssutgifter lagt inn i sine rammeoverføringar, hadde også reknestykket for kommunenivået sett annleis ut. Ogås iveren etter å legge ned skular hadde heilt sikkert avteke betydeleg.   
AAA
10.12.08 19:41 
Endå meir lokaldemokratisk kontrollsvikt; det syner seg at dei fleste kommuner ikkje straffar butikkar som sel alkonol til mindreårige. Kommunene skal vere kontrollorgan, og når det ikkje får konsekvensar, gjev butikkane blaffen, hevdar dei på FBI i dag.
Er kommunene rette instans til å handheve slike regelverk? 
 
AAA
03.12.08 21:07 
Det synest som om denne økonomitenkinga er i ferd med å spele fallitt:
*Selje og Vågsøy kommune har nekta å bruke pengar på frukt.
*Vågsøy har fått eit underskot på 13 millionar på grunn av ein fest dei har hatt.
*I Bodø kommune har staten gripe inn for å hindre hyttebygging nær nasjonalskatten Saltstraumen.
*Og så har vi desse terrakommunene, då...

Og skuletilbod, eldreomsorg og andre kommunalt distribuerte kvalitetar er svært så ulike frå kommune til kommune.
Kva er det som er kvaliteten med lokaldemokrati, eigentleg? Alle bør då kunne innsjå at det saboterer alle tankar om ein nasjonal standard. Er det andre kvalitetar ved dette eg ikkje har sett (bortsett frå statens behov for å kunne spele "splitt og hersk" for å hindre kritikk mot sentrale styresmakter...? 
 
Gunnar
01.12.08 20:54 
Samfunnskostnadene kan også vise seg lenge etter ei skulenedlegging. Eg tenkjer på dei helseskader elevar får etter lang skuleskyss i årevis. Kva seier forskinga om det?   
Bjarne
01.12.08 09:07 
I Vik kommune vart det rekna ut at ein kunne spara 200 000 kroner på å leggja ned ungdomstrinna ved Fresvik og Feios skular. Nokre av elevane vi då sitja på buss 3 timar kvar dag. Dette kostar fylkeskommunen over 700 000 kroner netto!!!!!!!!!!!! VIL staten ha vekk utkantskulane?   
Rådgjevar
30.11.08 22:23 
Etter å ha rekna på kostnader med skulenedleggingar over heile landet i mange år, ser eg at samfunnet har tapt mangfaldige millionar gjennom desse år. Det finst kanpt saker der nedlegging av ein skule gjev samfunnsøkonomisk gevinst!   
Mette
30.11.08 20:40 
Ja det skulle eg også likt å vite, det kan ikkje vera mykj med dagens transportkostnader.   
AAA
30.11.08 10:34 
Når ein skal spare pengar ved å legge ned skular, fører dette til at fylkeskommunen måtte bruke meir til skuleskyss. Så sjølv om kommunen får mindre pengar til å drive skulen, vert innsparinga for samfunnet meir tvilsam.
Er det nokon som har rekna på kor mykje samfunnet har "spart" på dei snart 1000 skulane som er lagde ned sidan det nye inntektssystemet for kommunane vart innført?