Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Tore
22.01.09 22:58 
Jeg er så enig så enig med Gunnar i at nærmiljøskolen og oppvekstsenter er to sider av samme sak. Samlokalisert barnehage og skole har veldig mange åpenbare fordeler. De viktigste for meg er nok de sosiale gevinstene vi får med at ungene forholder seg til et opplæringssted i tolv år. Vi kjenner derfor ungene godt, og ungene kjenner oss. De tar ut mye gjennom å se at tolv år gamle gutter slett ikke er så skumle så. Læringsmessig vet vi i skolen veldig tidlig hva som kommer og kan planlegge tilrettelagt undervisning. Barnehagen får utvida læringsareal gjennom bruk av skolelokaler som gymsal, musikkrom med flere. Jeg kunne sitte lenge å skrive om fordeler. Den største utfordringa er den administrative delen særlig når barnehagen blir "stor". Ofte blir dette sparinga i økonomiske grunner for å opprette oppvekstsentre. Men oppvekstsentre bør ikke opprettes av økonomiske grunner, men på grunn av oppvekstmiljøgevinster.   
Gunnar
22.12.08 17:46 
Det er alt nemnt mange grunnar til å etablere oppvekstsentra. I tronge tider vil også økonomi vere eit argument - for i heile teke å få lov å eksistere. Eit oppvekstsenter er ei sterkare eining enn ein barnehage for seg og ein skule for seg.   
sb
20.12.08 16:32 
Eg er heilt sikker på at før eller seinare kjem skule og barnehage til "å gro saman". Alt anna ville vere ulogisk. Tenkjer ein oppvekst i ein totalramme så vil det vere naturleg at ungane også hadde berre "ei dør" å gå inn. Det er eit stykke dit, men eg meiner at Bremanger har synt ei retning i så måte. Eg vert berre frustret av alle som gjer sitt til å avspore debatten. Eg meiner vel at også urbane strøk kunne med fordel organisert seg slik. Eg ser innen stordriftfordelar på barn hos andre enn dei som driv fleirkoneri.   
Gunnar
16.12.08 16:28 
Nærmiljøskule og oppvekstsenter bør vere to sider av same sak. Minimum må vere at skule og barnehage er samlokaliserte og har flest mogeleg av funksjonane samordna. I tillegg vil det mange stader vere praktisk å legge kulturskulen sine aktivitetar på same arena - ja, gjerne også som ein del av den utvida skuledagen (inkl. SFO). I mindre lokalsamfunn - kanskje også større - vil ideelle lag og organisasjonar med barn som målgruppe kunne finne sin plass innanfor eit oppvekstsenter. Det ville vere fint om dei som har oppvekstsentra kunne fortelje litt om sine erfaringar.   
sb
01.12.08 17:41 
Eg er midt oppe i dette, og eg meiner at det bør ryddast i ein del saker. Mellom anna har debatten spora av til "kven som skal lede" i staden for "kva ein skal gjere". I tillegg bør ein få ei ordning med felles arbeidsavtaler slik at ein slepp å vere oppteken av det. Og til slutt klargjere: Kva er eigentleg eit oppvekstsenter?
Utanom det, Tanken er god, men det er eit stykke frå tanken til den velfungerande drifta. 
 
Bjarne
01.12.08 09:15 
Eg har vore med på prosessen der barnehage og skule vart oppvekstsenter som rektor. Eg vart leiar. Det var naturleg nok bittert for styrar i barnehagen. Etter kvart er det komme nye personar inn i desse posisjonane og vi kan underskriva på dei fordelane Gunnar skriv om. Det er likevel uklart om kva for kompetanse ein må krevja for å leia eit kompetansesenter.   
Gunnar
30.11.08 22:28 
I min kommune har vi nesten berre oppvekstsentra. Erfaringane er gode. Eg kan nemne nokre fordelar: Det vert større samanheng mellom barnehagetil bodet og småskulesteget. Overgangen frå barnehage til skule nyt godt av ei slik organisering.
Detg er også økonomiske fordelar med samlokalisering i oppvekstsentra. Reinhald og oppvarming vert samkøyrt - og dermed rimelegare. Vi får betre utnytting av personale. Det er lettare å få til fleksible SFO-tilbod m.m. ... 
 
AAA
30.11.08 10:27 
Det å organisere tilbodet for 0 - 13 (eller 16)åringar gjennom eit felles oppvekstsenter er etter mitt syn ein god ide. Det er også mange som snakkar om gode erfaringar med denne organisasjonsforma. Men så er det andre stadar der dei slett ikkje vil ha sånne ordningar. Kva er årsaken til dette? Er det berre profesjonsstrid når det gjeld leiarkompetanse, eller er det andre faktorar som er viktige?