Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Anne
19.02.09 20:32 
Klokkeråsen skole er foreslått nedlagt i Tønsberg kommune ved at den er tatt ut av budsjettet for 2009. Endelig vedtak gjøres 11. mars. Det paradokse er at 5. trinn ved skolen gjorde det best i kommunen på nasjonale prøver og helt på topp sammen med to privatskoler i de nasjonale prøvene i Vestfold. Så istedenfor å lære noe av hva denne skolen har fått til, blir den et offer for å få budsjettet i balanse i kommunen. Elevtallet dette skoleåret er 116 elever.   
sb
01.12.08 17:45 
Eg veit at Sogn og Fjordane også "gjorde det godt" på nasjonale prøver. Her er ein del små skular som er i relativt god avstand frå Oslo. Dette forundrar meg   
AAA
30.11.08 09:51 
Fint! Skulle vore moro å sett dette for alle fylke. Om det er einsarta at små skular har høgre (eller lågare) gjennomsnittsresultat, kan det vere interessant å diskutere årsakssamanhengar.   
Fjellfinn
30.11.08 09:34 
Jeg skal ta kontakt med fylkesmannen i Oppland, utdanningsavdelingen, og prøve å få dette ut for skoler med færre enn 100 elever.   
AAA
30.11.08 09:19 
Det hadde vore veldig interessant å få eit samla resultat av nasjonale prøver på dei små skulane fylkesvis. Då kunne ein samanlikne resultata i små skular opp mot fylkesgjennomsnitt. Argumentet om personvern ville ikkje vere aktuelt, då alle fylke framleis har såpass mange små skular at elevtalet totalt er stort nok til å anonymisere.   
Fjellfinn
29.11.08 17:21 
Vi vet at det er svært gode resultater på de siste nasjonale prøvene ved mange mindre nærmiljøskoler. Men mediafokus er på at det er Oslo og Akershus som har de beste læringsresultatene. Her må vi ikke være beskjedne, meld fra om gode resultater og vis at det ikke er noen sammenheng mellom skolestørrelse og læringsresultater.