Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
Gunnar
15.04.08 21:49 
Pedagogikkdebatten går tydelegvis i ring. Eg er så gammal at eg minnest dei same diskusjonane på 70-talet då vi hadde M74.
Dei sistre tre åra Forsøkrådet levde 1981 til 1983 vart det drive mange spennande prosjekt under paraplyen "skulen i nærniljøet". Mange fådelte skular var med i dette - rundt i heile landet. Kanskje er det framleis nokre idear å hente frå rapportane frå den gong. 
 
pedagogisk rådgjevar
13.04.08 20:42 
Eg trur ikkje det kan gjevast noko einkelt svar i ein setning, kanskje det må skrivast ei heil bok. Nokre stikkord
-aldersblanding
-skulen der folk bur
-aktivt bruk av nærmiljøet i undervisninga
-skulen aktiv i utvikling av bygda, t.d. gjennom entreprenørskap
- skulen er eit lokalt kultursentrum.
Denne skulen kan også skapast på ein fulldelt byskule, men eg har til gode å sjå den der. Dei skulane som tilfredsstiller dei fleste/alle desse krava har eg sett i mindre bygder som Fresvik, Ness og Lismarka 
 
Bjarne
10.04.08 19:47 
Men kva er så spesielt med fådeltped.? Kan ikkje det meste drivast også i fulldelte skular?   
Arve
09.04.08 22:22 
Det er vel ikkje noko mål å lage privatskular i seg sjølv. Men når vi ser at motivasjonen for å drive grendaskulane vidare, er det nok meir relevant med nærmiljøpedgagogikk enn Steiner/Montessori. Motivet er vel å ha skulen der ungane bur...?   
Sysop
25.02.08 22:35 
Vi har etter kvart teke namnet Landslaget for nærmiljøskolen. Er vi ein organisasjon for alle skular som ligg i eit nærmiljø uavhengig av om skulen er fådelt eller ikkje? Er den faglege delen med aldersblanding, metodikk for å undervise fleire grupper samstundes m.m. tona ned?   
pedagogisk rådgjevar
25.02.08 09:44 
Ja, denne ventilen bør me få igjen. Då må me også kunne synleggjere denne pedagogikken. Kriterium nr. 1 er etter mi meining at skulen ligg i bygda der elevane bur.   
Bjarne
23.02.08 18:47 
I dag kan ein få starte private skular dersom ein driv med Montessoripedagogikk eller har religiøse motiv. Nokre grendaskular fekk starta opp etter nedlegging før luka vart stengt.... Er det ein like spesiell pedagogikk ein driv i fådelt skule som i montessoriskulane? Er det ynskjeleg med ein slik ventil i skuleverket?