Forum

Mange små skular har ikkje anna nettverk enn med dei store skulane i eigen kommune, og saknar samarbeid med skular dei kan identifisere seg med.
I dette forumet kan du finne eit utvida kollegium, med lærarar som har erfaring frå same skuleslag.
Forumet er felles for LUFS og for Skoleplassen, og er berekna på dei som har meiningar, kommentarar, spørsmål, idear med mykje meir om nærmiljøskular. Terskelen for å kome med innlegg skal vere låg, og du kan fritt velje emne, men innlegga bør vere interessante for fleire.
 
Kom gjerne med politiske innspel, pedagogikk, om skulenedleggjing, metodiske tips, tips om lenker, kommentarar til ting som er lagde ut på nettsidene, spørsmål om alt som har med skuleslaget å gjera, invitasjon til samarbeid, "kontaktannonser" og mykje mykje meir innanfor ramma.
 
Ver aktiv! Forumet vert så godt som DU vil vere med og gjere det!
Vi voner aktiviteten blir så stor at vi må dela opp forumet til fleire sider.
Vevansvarleg vil inniblant rydda.



Velkomen til Forum!

Tilbake til LUFS

Delta i debatten!

[ Tilbake ]  [ Skriv innlegg ]  [ Lag nytt emne ]  
 Av Innlegg
AAA
03.01.09 11:21 
Eg trur omfattande fagkunnskap ikkje er avgjerande for å kunne legge til rette for god læring for elevane i grunnskulen, iallfall ikkje for mellomsteget. Det kan i visse samanhengar vere motsett. Ein av grunnane er at kompetanse vert spissare og spissare dess meir avansert denne er. Om du skulle ha god greie på kvantefysikk, er det slett ikkje sjølvsagt at du fiksar biologidelen i naturfag..
Men pedagogisk kompetanse og iallfall pedagogisk innsikt er avgjerande. 
 
AAA
30.11.08 09:22 
Finnest det forskningsresultat som tyder på samanheng mellom høg, formell lærarkompetanse og elevresultat?   
Gunnar
15.04.08 21:56 
Det blir ein håplaus \"fasit\" dersom fagspesialistar skal rå grunnen på alle skular. Eg trur ikkje det først og fremszt er fagkunnskapen det skortar på for å drive ein god skule. God pedagogikk, godt samarbeid mellom lærarar, god utnytting av den totale kompetansen til alle lærarane på skulen samt kompetansen til samarbeidande skular - det vil vere eit betre grunnlag for å byggje ein god skulen enn å satse einsidig på faglærarar som berre ser sitt eige fag som det viktigaste i skulen. Allmennlæraren er på ingen måte død i framtidas skulen.   
Kristoffer Melheim
10.02.08 11:11 
Dersom dette er tilfelle, har du rett. Men å undervise i Nærmiljøskulen krev også mange andre kompetansar enn å kunne fag, sjølv om det er viktig. Kunnskap om og innsikt i nærmiljøet er viktig og dessutan metodar i å kunne bruke det i undervisninga. Dessutan er det avhengig av alderen til elevane. På småskulesteget er kunnskap om metodar i byrjaropplæring i norsk og matematikk det viktigaste. Dessutan kunnskap i praktiske og estetiske fag. Både på småskulesteget og mellomsteget er generalisten idealet, sjølvsagt med fagkunnskapar utan å vere fagidiot. Det er først på u-steget speialitetutdanning blir avgjerande, men også her kjenner eg til amnge små u-skular som greier seg godt. Har dei ein lærar med god utdanning i realfag og ein i spåk/norsk så er dei godt rusta.   
Brumle
08.02.08 19:49 
Det virker som om det er opplest og vedtatt at lærerne må være spesialutdannet i sitt fag. Nærmiljøskolen blir vel da B-skoler fordi det er en umulighet å skaffe folk med fagutdanning i alle fag?